Om BS Aure AS

Severin Karlsen Aure(1848-1912) var utlærd skreddar og dreiv med det, samtidig som han byrja å selge tråd og sysaker. Det vart meir og meir handel, og mindre og mindre sying. I 1870 var det berre handel og vi reknar det året som starten på det som etterkvart vart B.S.Aure AS. I 1885 kjøpte Severin eit hus i Haugbukta, der dei både budde og dreiv handel. I 1897 bygde Severin og kona Ane, stort forretnings-og bustad hus attmed nye kaia. Sonen Bastian(1878-1943) tok over ansvaret for drifta i 1912, då Severin døydde 64 år gamal. I tillegg til å auke vareutvalet, fekk Bastian også hand om fleire agentur, m.a. omnar, forsikring, mjøl og kraftfor. I 1932 kom sonen Selmer(1903-1985) for alvor med i drifta. Storbrannen på Aure i august 1939 la det meste av sentrum i aske. Også B.S.Aure miste stort sett alt, svært lite vart berga. Men alt fem dagar etter brannen, kunne dei opne ein provisorisk butikk i ei nybygd brakke. Nytt murbygg stod ferdig i 1941. Etter krigen var det nye byggetrinn og utvidingar med åtte- tiårs mellomrom, så i 1965 var heile tomta utbygd.

Fjerde genrasjon, Bjørn og Svein kom med i drifta frå omlag 1970. I 1975 vart det bygt nytt lager i Haugbukta og same året vart bygninga til Klocks Lenestolfabrikk kjøpt. Her vart det i 1995 bygt Helse- og sosialsenter.

Butikkdrifta endra seg i denne tida frå landhandel til meir spesialiserte avdelingar. Særleg jernvare og sportsvarer auka mykje, så når Samvirkelaget flytta til nye lokaler, fekk vi kjøpe hotellbygget. Her kunne vi i 1976 opne ny, stor jernvareavdeling. Det vart då plass i gamlebygget til ei rein sportsavdeling. Daglegvarer hadde vore basisen i butikkdrifta heilt frå starten, men av ulike årsaker valde vi i 1988 å selge daglegvareavdelinga og å satse på jernvarer og sport. I 2000 vart hotelldrifta nedlagd og heile bygget renovert. Butikk i 1. og 2.etasje og bustader i 3. og 4.etasje. I 2007 kjøpte vi Sykkylven Fargehandel og fekk inn maling i sortimentet. Intersport og fargehandelen bytta lokaler, så sporten fekk større plass og malinga kom nærare Jernia. Nabolokalet i Vadhuset vart ledig i 2010, vi fekk leige og kobla det saman med Jernia og kjøkkenutstyrsavdelinga fekk seg fine lokale på gateplan. Sportsavdelinga vart utskild i eit eige AS i 2017. Hovudfokuset er no på jernvarer, måling og kjøkkenutstyr.

Dagleg leiar er no 5.generasjon; Erling Eliassen.

Severin Aure sitt i Kyrkjevegen ca 1900
Nybygg etter brannen i 1939
Hotellet 1976
Jernia ca 1980